- Statnett og Sygnir er einige om at vi saman søkjer konsesjon til anlegg i regionalnettet. I tillegg har Statnett søkt konsesjon for anlegg på sentralnettnivå. Dette vil gi ei betre totaloversikt over planlagde tiltak i området, seier Kenneth Teigenes, som er prosjektdirektør i Statnett.
Sygnir ønskjer å overta eksisterande leidning frå Refsdal transformatorstasjon til Hove og bygge denne om til 132 kilovolt. Eit anna alternativ er å bygge ei ny 132 kilovolt i parallell med ny 420 kilovolt leidning som Statnett allereie har søkt konsesjon på.
- Vi har ønskje om å informere innbyggjarane i Vik før vi går vidare med planane og sender konsesjonssøknad. I den samanheng vil vi legge til rette for møter for dei som ønskjer det og inviterer til open kontordag 27. mars frå klokka 1200 til 1900 på Blix hotell, seier Teigenes. – Vi oppmodar dei som har meiningar om prosjektet til å ta turen innom i løpet av den dagen.
Anlegg som ikkje lenger er i bruk, vil bli fjerna når nye anlegg er sett i drift.
Vegen vidare
Det er styresmaktene som til sist avgjer kva Statnett og Sygnir får løyve til å bygge, etter at konsesjonssøknad har vore på høyring og til behandling i NVE. Tidspunkt for å sende konsesjonssøknad til NVE er ikkje fastsett enno. Tidspunkt for høyring av konsesjonssøknaden vil bli annonsert seinare.