Utgreiingsprogrammet er fastsett på grunnlag av det føreslåtte utgreiingsprogrammet frå Statnett, innkomne høyringsfråsegn og NVE sine eigne vurderingar. Utgreiingsprogrammet og notatet «Bakgrunn for utredningsprogram», der NVE grunngjev sine vurderingar, av i dag er tilgjengeleg på www.nve.no/16181/A. Dokumenta i saka er også tilgjengelege på
eInnsyn her.
NVE gjer merksam på at det fastsette utgreiingsprogrammet er ei prosessleiande avgjerd som ikkje kan klagast på. Konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiingane, som Statnett no skal utarbeide, vil sendast på offentleg høyring der det vil vere mogleg å komme med innspel. Dersom det viser seg å bli behov for fleire opplysningar i konsesjonsbehandlinga, vil NVE kunne krevje tilleggsutgreiingar. Når NVE meiner saka er tilstrekkeleg belyst, vil vi vurdere om Statnett bør få konsesjon til tiltaket og på kva vilkår.