På møta vil NVE orientere om handsaminga av meldingane. Statnett vil vere til stades og orientere om planane sine. Det vil også bli moglegheit til å stille spørsmål. Møta vil vere opne for alle interesserte.
Nærare informasjon om folkemøta
Informasjon om tid og stad for dei ulike møta NVE no inviterer til finn du til sist i denne saka. Alle møta byrjar kl. 19.00.
Informasjon om høyringa
NVE viser til eige høyringsbrev datert 16. oktober for meir informasjon om høyringa. For meir informasjon om dei ulike sakene som er på høyring viser vi til NVEs internettsider der relevante dokument er lagt ut:
• 420 kV Sauda–Blåfalli: www.nve.no/16181/a
• 420 kV Blåfalli–Mauranger–Samnanger: www.nve.no/20465/a
• 420 kV Samnanger–Øygarden: www.nve.no/19275/a
Vi minner om at ei melding er ei tidleg varsling av eit tiltak. Føremålet er å gje dei som kan bli påverka av tiltaket informasjon om planane og høve til å kome med fråsegn og innspel om kva som bør greiast ut vidare før Statnett kan søkje om konsesjon seinare i prosessen. Det er først i samband med neste høyringsrunde NVE skal avgjere om Statnett får lov til å byggje dei planlagde tiltaka. Innspel som går på om ein er for eller mot tiltaka er derfor mindre relevante i den noverande høyringa.
Høyringsfristen er som tidlegare nemnd sett til 16. januar 2025
Møter:
- Kvinnherad 12. november Tysdag Rosendal Fjordhotel
Rosendalsvegen 46, 5470 Rosendal - Ullensvang 13. november Onsdag Ungdomshuset i
Jondal Brekke 3, 5627 Jondal - Øygarden 19. november Tysdag Torsvikhuset Torsvikhøgda 2, 5337 Rong
- Alver 20. november Onsdag Strilatun Risåsen 1, 5912 Seim
- Askøy 21. november Torsdag Kultursalen Kipo Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
- Osterøy 26. november Ungdomshuset på Hauge, Haugo
53, 5283 Valestrandsfossen - Vaksdal 27.november Onsdag Dalesalen, Dale
skule Skulegata 30, 5722 Dale - Samnanger/Kvam 28.november Torsdag Nordbygda
ungdomslag Bygdavegen 2, 5652 Årland - Etne 2.desember Måndag Skakke, kulturhusetStrondavegen 30, 5590 Etne
- Sauda 3.desember Tysdag Sauda Klubb Wergelandsveien 48 4200 Sauda
Har du spørsmål om saka?
Spørsmål om Statnetts planar kan rettast til prosjektdirektør Kenneth Teigenes, tlf. 45 02 27 27, e-post kenneth.teigenes@statnett.no eller senior kommunikasjonsrådgjevar Marianne Veggeberg, tlf. 95 09 53 12, e-post marianne.veggeberg@statnett.no.
Opplysningar om NVEs sakshandsaming kan fåast ved å kontakte NVE på e-post:
nettkonsesjoner@nve.no.