NVE har motteke melding frå Statnett SF for to nye 420 kV kraftleidningar frå Sauda transformatorstasjon i Sauda kommune til Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune. 

Statnett grunngjev søknaden med at dagens to 300 kV kraftleidningar som går mellom Sauda transformatorstasjon og Håvik transformatorstasjon på Karmøy er gamle og har låg overføringskapasitet. Samtidig er det fleire kundar som ønskjer å reservere kapasitet i området.

Alle som har meiningar om saka kan gje uttale innan 4. april 2025.

Meldinga gjev ei overordna beskriving av Statnett sine planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Føremålet med meldingane er å gje dei som kan bli påverka av tiltaket informasjon om planane, samtidig som desse får høve til å komme 
med fråsegn og innspel til kva som bør greiast ut vidare. 

Meldinga er lagd ut til offentleg gjennomsyn hjå Sauda, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar og på NVE sine nettsider www.nve.no/20434/a


NVE held folkemøte om saka. Under følgjer informasjon om tid og stad for dei ulike møta NVE no inviterer til.

Alle møta byrjar kl. 19:00.

10. mars: Sauda, Sauda klubb Wergelandsveien 48
11. mars: Vindafjord,  Ølen kulturhus Dreganesvegen 40
12. mars: Tysvær, Tysværtunet kulturhus Aksdalsvegen 157

På møtet vil NVE orientere om sakshandsaminga, medan Statnett vil orientere om prosjektet. Alle er velkomne til møtet.


Fråsegner kan du sende via skjema for fråsegner som du finn på våre nettsider, via e-post til nve@nve.no eller via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo.

Spørsmål om meldinga kan du rette til Statnett v/ Kjetil Helland, tlf. 23904151 eller e-post  kjetil.helland@statnett.no.

Spørsmål om NVE si sakshandsaming kan du få ved å kontakte NVE v/ 
Ingrid Maria Bik, tlf. 22 95 98 09 eller e-post imbi@nve.no