Sentralnettet på Haugalandet må forsterkast

Statnett startar no arbeidet med å sjå på alternative moglegheiter for å forsterke sentralnettet i Sunnhordland. Målet er å auke overføringskapasiteten for å dekkje kraftbehovet frå ein eventuell ny aluminiumsfabrikk på Karmøy, elektrifisering av Utsirahøgda frå Kårstø og eit aukande alminneleg forbruk.

Arbeidet er organisert som ei konseptvalutreiing for å sikre ei grundig vurdering av behovet og moglege tiltak i dialog med interessentar, og for å oppnå ei tidleg politisk involvering.

 

– Konseptvalutgreiinga er i oppstartsfasen. Vi går no i dialog med lokale myndigheiter og interessentar for å kartleggje dei moglegheitene vi bør sjå nærare på. Vi vil analysere dei ulike moglegheitene i haust. Før sommaren skal vi sende ein rapport til Olje- og energidepartementet som skildrar dei alternativa vi skal vidareutvikle til ferdige løysingar, seier prosjektleiar Ane M. Elgesem i Statnett.

 

Sunnhordland er i dag eit område med kraftunderskot. Det er avhengig av kraftoverføring frå Sør- og Vestlandet, men det er avgrensa kapasitet i sentralnettet til Karmøy og Kårstø. For å halde forsyningssikkerheita ved lag, samstundes som ein dekkjer det aukande kraftbehovet, er det naudsynt å oppgradere og modernisere sentralnettet i området.

 

Uavhengig av kor stor forbruksveksten blir, vurderer Statnett å installere eit anlegg for spenningsstøtte på Karmøy for å betre kvaliteten på forsyninga. Foreløpige planar legg opp til at det vil være i drift i løpet av ein femårs periode.

 

Om Hydro vedtek å byggja eit nytt, fullskala aluminiumsverk på Karmøy, blir det naudsynt med omfattande tiltak for å få eit tilstrekkeleg løft i kapasiteten. –Vi vil sjå på ei rekkje alternativ for å forsyne dette forbruket, både å oppgradere eksisterande leidningar slik at dei kan overføra meir straum, og å byggje ei ny leidning inn til Karmøy, seier Ane M. Elgesem i Statnett.

 

Kontaktperson:

Tor Inge Akselsen, direktør

Mobiltlf. 95 07 95 20

 

email Få nyhetsvarsel på epost
Publisert - Sist oppdatert