SKL og Statnett underteikna samarbeidsavtale

SKL og Statnett har underteikna samarbeidsavtale om nettplanlegginga på Haugalandet dei næraste åra. Avtalen gjeld dei tiltaka som kan være aktuelle ved mogleg byggjing av ein ny aluminiumsfabrikk på Karmøy, elektrifisering av Utsirahøgda frå Kårstø og eit aukande alminneleg forbruk.

Statnett har no, i nært samarbeid med SKL, starta kartleggjinga av kva for tiltak som kan verta aktuelle i sentralnettet i dette området i ei konseptvalutgreiing (KVU). I første rekkje ser ein på korleis kapasiteten i den såkalla SKL-ringen mellom Husnes, via Stord og Spanne til Håvik, samt mellom Sauda og Kårstø/Håvik, kan aukast. I tillegg til å oppgradera  dei leidningane som går der i dag, vil ein og vurdera om det kan verta naudsynt å byggja ein heilt ny leidning.

 

-Me treng den kunnskapen SKL har om lokale tilhøve i arbeidet for å finne gode løysingar. Vi veit SKL har hatt eit godt samarbeid med lokale myndigheiter i mange år og er glad for at foretaket vil bidra med kompetansen sin når vi no skal auka kapasiteten i nettet, seier konserndirektør Håkon Borgen i Statnett.

 

-Det er heilt avgjerande for næringsutviklinga i regionen at overføringskapasiteten for kraft vert auka, og vi ser det som ein del av oppdraget vårt å stilla kompetansen vår til disposisjon i  høve som dette, seier konsernsjef Magne Heimvik i SKL.

 

For meir informasjon:

Tor Inge Akselsen, Statnett

Tel. 95 07 95 20

 

Jan Petter Myhre, SKL,

Tel. 97 55 60 66

email Få nyhetsvarsel på epost
Publisert - Sist oppdatert